Religionshermeneutikk 2: Religions- og livssynsfaget som humanistisk prosjekt med Øystein Brekke

Religionshermeneutikk 2: Religions- og livssynsfaget som humanistisk prosjekt med Øystein Brekke

 

Våren 2023 gav Øystein Brekke, professor ved OsloMet, ut boka Religionshermeneutikk. I boka argumenterer han for ei fleirfagleg, konglomerativ, tilnærming til religion og livssyn i skulen - og for at skulefaget må ha ein livssynsopen fagontologi. Denne episoden er den første av fleire samtalar som Øystein Brekke har med Inge Andersland om tankane i boka. Målet er både å opne opp diskusjonane i boka for fleire, og å kunne gå djupare inn på det som vert diskutert.

Dersom du har spørsmål, innspel, kritikk eller kommentarar til episoden kan du sende dei til inge.andersland@hvl.no

I samtalen kjem vi inn på fleire relevante fagtekstar, mellom anna:

Martha Shaw, «Towards a religiously literate curriculum – religion and worldview literacy as an educational model», Journal of Beliefs & Values, 41:2, 150-161.

Hans Skjervheim, «Sløret og skiljeveggen. Eit utkast», (2004).

Per Magne Aadnanes, «Livssynsforskning – prinsipp og metodar i ei ny forskningsgrein», (1999).

Øystein si bok finn du her: https://www.universitetsforlaget.no/religionshermeneutikk

Øystein har og laga ei religionsfagleg og religionsdidaktisk studentordliste. Der kan du finne forklaringar på mange av omgrepa vi brukar i samtalen.

Musikk av Lee Rosevere

«Thought Bubbles»
https://creativecommons.org/licenses/by/4.0/

«All the Answers»
https://creativecommons.org/licenses/by/4.0/